Konsert: Shakai på Kunsthuset Kabuso

  • 13. september 2025 kl. 18:00–19:30
  • Sted: Kunsthuset Kabuso
  • Arrangør: Stiftinga Hardanger og Voss Museum | Kunsthuset Kabuso
  • Åpent for alle
  • Se invitasjonstekst
Konsert:

Bandet Shakai vart starta av bassist Eline Rafteseth i 2015, saman med medstudentar frå jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen.
Våren 2016 var Shakai eit av fire band som deltok på turneen Framtida i Norsk Jazz og spelte same år på den aller første Vill Vill Vest.

I 2018 slapp Shakai si første plate, Skittles, som vart spelt inn og produsert av Jørgen Træen i Duper Studio.Bandet har spelt ei rekkje konsertar i Bergen og på festivalar som Maijazz, Jazzintro, 100 dagar- festivalen og Fjellparkfestivalen.

Musikken Shakai byr på er leiken, rar, litt mystisk og byr stadig på nye overraskingar. Kvintetten blandar referansar, leikar med sjangerdefinisjonar og inviterer lyttarane med på ei reise i sitt eige lille univers. Musikken blir til litt som eit bakverk utan oppskrift: Dei smakar seg fram, plukkar ingrediensar frå øvste hylle og har størst fokus på humor og hygge, noko som speglar bandet på scena.

Les meir på nettsida til Stiftinga Hardanger og Voss museum.

Mer fra kalenderen

Se flere