Ukas stiftelse: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane skal vere ei offensiv drivkraft for samfunnsutvikling i regionen. Stiftinga vart etablert i 2010, og den eig 93 prosent av eigenkapitalbevisa i SpareBank1 Sogn og Fjordane. Det mest kjente initiativet til stiftinga er dagsturhyttene, eit komande visningssenter ved Astruptunet ved Jølstervatnet – og ei rekke tiltak for folkehelse og friluftsliv i heile Vestland.
Det mest kjente initiativet til stiftinga er dagsturhyttene. Stiftinga har finansiert over 60 dagsturhytter i heile Vestland. Her Skaraly i Sunnfjord. Foto: Dagsturhytta
Kven: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane | Oppretta i 2010
Stiftelsestype: Finansstifting/utdelingsstifting
Stiftingas føremål: Stiftinga sine føremål er å forvalte eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført ved skipinga, stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i SpareBank 1 Sogn og Fjordane og å vidareføre sparebanktradisjonane.
Stiftinga sitt føremål skal vidare vere å gi gåver til allmennyttige føremål. Ved sine disposisjonar skal stiftinga først og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp kapitalen til SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Ved si verksemd skal stiftinga støtte SpareBank 1 Sogn og Fjordane si verksemd. Stiftinga skal i tillegg plassere midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og finansforetaklova.
Aktuell med: Stiftinga er blant Noregs største målt etter antall millionar utdelt. I 2025 delte stiftinga ut nærmare 150 millionar kroner til samfunnsnyttige tiltak. Les meir i artikkelen.
Kven:
Med svært høg eigarandel i den sjuande største sparebanken i Norge har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane eit stort eigaransvar. Stiftinga har difor bygd opp betydeleg kapital slik at ei kan stille opp om banken treng eigenkapital. Banken er ikkje børsnotert. Som majoritetseigar i banken er stiftinga opptatt av å utøve eit aktivt og profesjonelt eigaransvar.
Stiftinga sine hovudformål er å vere ein langsiktig og stabil eigar i SpareBank1 Sogn og Fjordane og vidareføre sparebanktradisjonar ved å gje gåver til ålmennyttige tiltak.
Stor tildelingsramme
I 2025 delte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ut nærmare 150 millionar kroner til samfunnsnyttige tiltak. Dette er ein kraftig oppgang frå tidlegare år. Stiftinga får årleg mellom 1000 og 1200 søknader frå lag/organisasjonar, institusjonar og andre aktørar.
Med stor ramme for tildeling er stiftinga med å realisere mange gode og viktige samfunnsnyttige tiltak i heile Sogn og Fjordane. Mange prosjekt innan frivillig sektor, kompetanseheving, folkehelse etc. ville ikkje blitt realisert utan stiftinga sitt bidrag.
Eigne initiativ
– Stiftinga tildeler ikkje berre midlar etter søknad. Vi tek også eigne initiativ ut frå behov og moglegheiter vi definerer som viktige i samfunnsutviklinga, seier Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. – I 2025 etablerte vi difor næringsstiftinga Drivkraft, som har ein startkapital på 100 millionar kroner.
Drivkraft skal stimulere til omstilling og innovasjon, bygge sterke nettverk og bidra med risikokapital. Gjennom investeringar i nye idear, vekst og vidareutvikling vil stiftinga vere ein drivkraft for innovasjon og næringsutvikling. Les meir her om Stiftinga Drivkraft.
– Sparebankane har vore samfunnsbyggjarar i 200 år. Dette er tradisjonar vi som sparebankstiftingar skal vidareføre. Det kviler med andre ord eit stort ansvar på skuldrane våre, seier Hallvard Klakegg.
Sparebankane har vore samfunnsbyggjarar i 200 år. Dette er tradisjonar vi som sparebankstiftingar skal vidareføre. Det kviler med andre ord eit stort ansvar på skuldrane våre.
Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Hallvard Klakegg, direktør i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Foto: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Dagsturhytter gratis for alle
Det mest kjente initiativet til stiftinga er dagsturhyttene. Stiftinga har finansiert over 60 dagsturhytter i heile Vestland. Dette er eit konsept som også mange andre sparebankstiftingar og fylkeskommunar har henta inspirasjon frå til sine regionar.
Dagsturhyttene er gratis tilgjengeleg for alle døgnet rundt, heile året. Målet med hyttene er å stimulere turglede i trygge rammer, med eit flott turmål 15–90 minuttars gange frå løypestart, der ein kan spise matpakka, varme (evt. tørke) kroppen ved peisen, og kose seg med bøker frå hyttebiblioteket.
Dagsturhytta Havglimt i Stad kommune. Foto: Dagsturhytta
Astruptunet – ei stor satsing
I 2025 tildelte Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen DnB 40 millionar (20 millionar kvar) til nytt visningssenter ved Astruptunet i Jølster kommune.
Astrup sin kunst er i ferd med å få internasjonalt gjennombrot, og kunstnarheimen på sørsida av Jølstervatnet i Sunnfjord har blitt renovert for og 30 millionar dei siste åra.
– Vi står skulder ved skulder med Sparebankstiftelsen DNB i satsinga på at det skal byggjast eit visningssenter ved Astruptunet, seier Hallvard Klakegg. – Sparebankstiftelsen DNB har teke eit stort økonomisk løft dei siste åra med å renovere hagen i Astruptunet, Det neste steget er å få på plass eit visningssenter som kan ta Astrup vidare, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Under lanseringa av initiativet i 2025 framheva Anders Bjørnsen i Sparebankstiftelsen DNB og Hallvard Klakegg Sunnfjord kommune sitt positive initiativ. Det vil gje ei anna bruk av tunet å etablere eit visningssenter. Etter planen kan dette stå ferdig til sommaren 2028, 100 år etter Nikolai Astrup sin død.
Astruptunet. Foto: Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane
Turstiar i heile Sogn og Fjordane
Saman med DNT Sogn og Fjordane har også stiftinga etablert «Eg gjekk ein tur på stien» – eit prosjekt som skal utvikle, merke, sikre og restaurere turstiar i heile Sogn og Fjordane.
Stiftinga gav i 2025 20 millionar til dette 4-årige prosjektet. «Eg gjekk ein tur på stien» skal jobbe for å legge til rette for utvikling av turruter i Sogn og Fjordane, og dermed sikre eit attraktivt tilbod til befolkninga med omsyn til folkehelse, livskvalitet og bulyst med fokus på berekraft og friluftsliv for alle. DNT Sogn og Fjordane er prosjektleiar for prosjektet Her kan du lese meir: Eg gjekk ein tur på stien - DNT.
I TV 2-saka kjem det fram at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane er blant dei 25 største utdelingsstiftingane i Noreg målt etter tildelingar i 2024 (2025-tal var ikkje tilgjengelege då TV 2 laga saka seinhausten 2025).