Aktuelt / 9. desember 2025

Stiftelsesmidler til kreftforskning ved Haukeland universitetssjukehus

Forskingsmiljøet ved Haukeland styrker posisjonen sin i fronten av internasjonal protonforsking, når Trond Mohn forskningsstiftelse tildeler 27 millionar kroner til prosjektet ProtonSUMMIT. Prosjektet, som har eit totalbudsjett på nær 80 millionar kroner og går frå 2026 til 2030, set fart på utviklinga av framtidas kreftbehandling.

seks personer i en forskergruppe
Forskargruppa ved Haukeland universitetssjukehus/prosjektet ProtonSUMMIT: F.v. Liv Hysing, Sara Pilskog, Camilla Stokkevåg, Oddbjørn Straume, Grete May Engeseth og Stian Knappskog. Foto: Haukeland universitetssjukehus

Arbeidet i prosjektet ProtonSUMMIT får base i det nye protonbygget til Haukeland universitetssjukehus, ved foten av Ulriken. Her skal forskarar kombinere kompetanse frå medisin, fysikk, biologi, bildediagnostikk og kunstig intelligens for å forstå korleis protonbehandling verkar på pasientar.

Prosjektet blir leia av medisinsk fysikar og forskar Camilla Stokkevåg ved Haukeland universitetssjukehus, og skal undersøkje korleis protonstråling påverkar celler og vev, kartleggje dei underliggjande mekanismane og identifisere enkelt- og samansette biomarkørar som kan gje ny innsikt i behandlingseffekten.

Nytt og viktig steg

Trond Mohn forskningsstiftelse har gjennom mange år bidrege til å løfte forskingsmiljøa ved Haukeland, Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet, og denne tildelinga gjev prosjektet langsiktig kraft til å byggje vidare på det sterke faglege fundamentet i Bergen. Med ProtonSUMMIT tek miljøet eit nytt og viktig steg i utviklinga av kunnskapen som skal til for å forme avansert kreftbehandling, både nasjonalt og internasjonalt.

– Denne tildelinga er ei viktig anerkjenning av den kompetansen og ambisjonen vi har i Helse Bergen. Ho gjev oss moglegheit til å utvikle behandlingar som kjem pasientane våre til gode, samstundes som ho styrkjer Bergen og Noreg som leiande innan moderne kreftbehandling, seier Oddbjørn Straume, direktør ved Kreftklinikken, Haukeland universitetssjukehus, til Helse Bergens nettsider.

Grunnlag for utvikling av kreftbehandling

Prosjektet har som mål å utvikle nye metodar som gjer det mogleg å utnytte teknologiens potensial på best mogleg måte, slik at fleire pasientar kan få behandling som er meir målretta og skånsam. Samstundes styrkar forskinga kunnskapen i fagmiljøet og legg grunnlaget for vidare utvikling av avansert kreftbehandling.

– Dagleg leiar i Trond Mohn forskningsstiftelse, Nicholas Nunn, fortel at stiftinga sitt engasjement for partikkelterapi som kreftbehandling starta allereie i 2014 med støtte til kompetansebygging, utstyrsinnkjøp, metodeutvikling og forsking som ei av stiftinga sine første og største tematiske satsingar. Det er difor ei stor glede å kunne bidra ytterlegare, med støtte til dette prosjektet, som ifølgje ekstern evaluering har stort potensial til å betre bruken av protonterapi til beste for pasientane.

Les mer på nettsida til Helse Bergen.

sykehus bygg
Foto: Haukeland universitetssjukehus

Les mer

Se flere