Aktuelt / 6. august 2025

Hadia Tajik og Eirin Larsen nye styremedlemmer i Fritt Ord

– Hadia Tajik (42) og Eirin Larsen (36) tek med seg solid erfaring frå journalistikk, teknologi, politikk og juss inn i styret i Fritt Ord, seier styreleiar Bård Vegar Solhjell.

Bilde av to kvinner
Eirin Larsen og Hadia Tajik. Foto: Martine Torsvik, Telenor og Pål Laukli, Tiden forlag

– Vi er særs nøgd med å få to nye og svært kvalifiserte styremedlemmer til Fritt Ord. Vi trur dei vil løfte styret i ei tid der ytringsfridommen vert utfordra meir enn på lenge, og då vi treng å bruke ressursane våre best mogleg til å fremje modig bruk av det frie ord, seier Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Fritt Ord.

Eirin Larsen er medie- og teknologistrateg med brei erfaring og jobbar med teknologiutvikling i Telenor Group. Ho har vore journalist og leiar for sosiale medium i DN, Adresseavisen og NRK og er utdanna journalist og har ein mastergrad i digitalisering og innovasjon.

Hadia Tajik startar i august i advokatselskapet Haavind, etter nesten 20 år med ulike nasjonale verv som politikar for Arbeidarpartiet. Tajik har vore statsråd i to ulike regjeringar, og er utdanna journalist og jurist med mastergrad i menneskerettar.

Les heile saka på Fritt Ords nettside.

Les mer

Se flere