Aktuelt / 31. oktober 2025

Stiftinga Viti er nytt medlem

Stiftinga Viti er regionmuseet på Sunnmøre, og den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Stiftinga sitt føremål er å drive eit vitskapleg museum der kunst-, natur- og kulturhistorie er dei berande fagområda.

Stiftinga

Velkommen til nytt medlem i Stiftelsesforeningen, Stiftinga Viti.

Stiftinga Viti sitt føremål er å drive eit vitskapleg museum der kunst-, natur- og kulturhistorie er dei berande fagområda. Det gjer museet i verksemda gjennom forvalting, fornying, forsking og formidling.

Museet skal vere nasjonalt kompetansesenter for jugendstil. Stiftinga kan utføre museumsoppgåver utanfor Sunnmøre, til dømes gjennom fylkesomfattande oppgåver i Møre og Romsdal og deltaking i nasjonale og internasjonale nettverk.

Museet skal samle inn, dokumentere, ta vare på, forske og formidle materielle -og immaterielle kunst-, natur- og kulturminne. Gjennom dette skal museet skape interesse for kulturhistoria og for auka kjennskap til visuell kunst/andre visuelle uttrykksformer, folkemusikk og -dans og andre kulturminne.

Stiftinga Viti driftar og forvaltar:

  • Jugendstilsenteret og KUBE, Ålesund
  • Fiskerimuseet, Ålesund
  • Sunnmøre museum, Ålesund
  • Middelaldermuseet, Ålesund
  • Naturmuseet, Sykkylven
  • Møbelmuseet, Sykkylven
  • Sivert Aarflot-museet, Volda
  • Anders Svor-museet, Volda
  • Brudavolltunet, Ørsta
  • Folkemusikkarkivet
  • Ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og fiskekuttaren M/K Heland

Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.

Les meir om all aktivitet i stiftinga.

Vi ønsker dere velkommen i Norges største fellesskap for stiftelser!

Her er oversikt over alle medlemsstiftelser i Stiftelsesforeningen.

Les mer

Se flere